
Styrk din industrielle konkurransekraft
med robotteknologi
Visste du at Noreg er det minst robotiserte landet i Skandinavia, og ligg langt under det globale snittet? Samtidig aukar tempoet for robotisering i verda. For å halde tritt må norsk industri omstille seg raskt – og her kan KORT hjelpe deg.
Er du ein SMB? Søk her om eit uforpliktande Prekvalifiseringsprosjekt med 100% støtte fra Siva.

Våre tenester
Me tilbyr rådgjeving, opplæring, testfasilitetar og nettverk for utvikling og automatisering av produksjonsprosessar ved hjelp av avansert produksjonsteknologi.
​
Tenestene er retta mot både oppstartsselskap, små og mellomstore bedrifter (SMB) og større bedrifter, samt mot utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitusjonar, innovasjonsselskap, næringsforeiningar og klynger.
Tenestene er ein del av det Norske virkemiddelapparatet.
Norsk Katapult
Saman med industrimiljøa på Osterøy, Raufoss og Kongsberg forvaltar me ordninga Norsk Katapult Manufacturing Technology frå SIVA - Det industrielle landslaget som bidrar til omstillinga av Norsk industri.
​
Kompetanseheving
Delta på kurs eller få bedriftsspesifikk opplæring innan bruk av robotteknologi i vareproduserande industri.
​
For påmelding gå til Universal Robots si nettside.
Testsenter
Få hjelp til prototyping og bruk våre testfasilitetar til å teste robotløysingar i produksjonsprosessar før anskaffing. Vi kallar det "test before invest".
Kompetansenettverk
Bli med i vårt nettverk for bedrifter og fagpersonar for å styrkje kompetansen, auke innovasjon og utvikle kontaktnettet innanfor bruk av robotteknologi.
Bli med i vårt kompetansenettverk
Kompetansesenteret for Robotteknologi byggjer eit nettverk for anvending av - og effektivisering av produksjonsprosessar gjennom - robotteknologi.
Norge heng etter på bruk av robotteknologi samanlikna med våre naboland, og me sakkar akterut. For å auke tempoet i nytting av ny teknologi, auke norske verksemders konkurransekraft og lukkast med det grøne skiftet, må vi byggje kompetanse, utveksle erfaringar og samarbeide meir enn det me gjer i dag.
​
Gjennom nettverket deler me erfaringar og kompetanse, tilbyr kurs og fremjer innovasjon innan robotteknologi. Me ønskjer også å samarbeide og lære av andre miljø med ekspertise på bruk, integrasjon og opplæring – både nasjonalt og internasjonalt. Ta kontakt om du vil bli med.
I tillegg jobbar me for å sikre at skuleverk og utdanningsinstitusjonar utviklar relevante og kompetente arbeidstakarar for dagens og morgondagens industribedrifter.
Bli med for å sikre rett kompetanse for di verksemd og leggje til rette for rekruttering av dyktige medarbeidarar i åra som kjem.
​
Vil du ha nyheitsbrev og invitasjonar til samlingar?
​
​​


Me har ekspertisen du treng
45
års robot- og CNC-erfaring
474
års samla produksjonserfaring
120
ulike robotar
5
industripartnarar

Oppnå gode resultat med bruk av robotteknologi
På Osterøy har industribedriftene innan metallvareindustrien brukt robotar for å effektivisere produksjonen i 45 år. I dag er Osterøy ein av kommunane i landet med høgast tettheit av robotar per innbyggjar og årsverk i industrien.
​
Dei fem verksemdene som står bak KORT har over 120 robotar i bruk, og Osterøy vidaregåande skule har utvikla eit godt utdanningstilbod innan robotteknologi – som igjen sikrar kompetente arbeidstakarar til industribedriftene.
For bedriftene bidrar robotisering og automatisering til å skape berekraftig produksjon, lukkast med den grøne omstillinga og vidareutvikle konkurransekrafta.
​
Dei største industribedriftene på Osterøy har teke stadig fleire marknadsandelar i takt med systematisk automatisering og effektivisering.
Samarbeid, skreddarsydde løysingar og teknologisk innovasjon har vore avgjerande for suksessen på Osterøy. No vil me skapa løysingar for ei betre framtid saman med deg og di verksemd.